For fossen, sjå Dei sju systrene

mini|Dei sju søstre sett frå Alstenfjorden.

Sju søstre, eller Søstrene, er ein fjellformasjon på øya Alsta i Alstahaug kommune i Nordland. Fjellformasjonen er lett synleg på kysten av Helgeland og består av sju toppar som utgjer søstrene: Botnkrona (1072 moh.), Grytfoten (1019 moh.), Skjæringen (1037 moh.), Tvillingane (945 og 980 moh.), Kvasstinden (1010 moh.) og Breitinden (910 moh.).

Sju søstre kan har fått namnet sitt etter ei segn som fortel korleis fleire kjende fjell i Nordland har vorte forma, sjå Torghatten. Det er òg hevda at det var Petter Dass som gav dette namnet til fjellet i landskapsdiktet Nordlands Trompet.

Det gamle namnet på fjellformasjonen var «Horva.» Dette fordi fjellrekkja kan likne på ei horv som ligg med tindane opp.

Det er merkt løype opp til kvar enkelt topp og også mellom toppane.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Geografi i Alstahaug Kategori:Helgeland Kategori:Fjellkjeder i Noreg Kategori:Fjell i Nordland