Jørund Mannsåker () var ein norsk filolog og omsetjar. Far hans var Jon Mannsåker.
Mannsåker vart fødd i Ullensvang, men flytte i løpet av barndomen til Voss fordi faren hadde fått stilling der som kapellan. Han voks opp både i Ullensvang, Voss og Oslo, og fekk graden cand.philol. i 1947 med ei oppgåve om norsk utvandrarlitteratur. Han tok seinare opp att det same emnet i doktoravhandlinga si frå 1971: Utvandringa til Nord-Amerika i norsk skjønnlitteratur. Mannsåker var sendelektor i norsk ved fleire utanlandske universitet: i Groningen i Nederland, i Uppsala i Sverige og ved St. Olaf College, Minnesota, USA. Han arbeidde også som konsulent for forlaga Gyldendal og Samlaget, og som omsetjar.
I 1978 fekk Mannsåker Kirke- og undervisningsdepartementets oversetterpris i 1978 for lyrikkboka "Eg har ikkje bedt om å få koma" av finsk-svenske Antti Jalava, som Mannsåker omsette til nynorsk.
Kjelder
Skanna kyrkjebøker for Ullensvang i 1920. Wikipedia på bokmål om Jørund Mannsåker. Liste over litteraturprisar for barne- og ungdomslitteratur.
Mannsåker, Jørund Mannsåker, Jørund Mannsåker, Jørund