«Pinball Wizard» er ein song skriven av Pete Townshend og framført av det engelske rockebandet The Who. Songen finst på rockeoperaalbumet Tommy frå og vart gjeven ut som singel same året. Singelen nådde fjerdeplassen på den britiske singellista.

Historie Teksten er skriven ut frå flipperspelmeisteren (pinballmeisteren) sitt synspunkt og han er forbløffa over kor god hovudkarakteren Tommy er til å spele flipperspel: «That deaf, dumb and blind kid sure plays a mean pinball» («Den døve, stumme og blinde guten kan verkeleg spele pinball») og «I thought I was the Bally table king, but I just handed my pinball crown to him» («Eg trudde eg var Bally-bordkongen, men eg berre gav frå meg pinballkrona til han»).

Townshend kalla ein gong songen «det mest klossete stykket han nokon gong hadde skrive»Hefte i CD-utgåva av Tommy av Richard Barnes; men songen vart likevel ein stor salssuksess og ein av dei mest kjende songane frå albumet. Songen vart òg ein konsertfavoritt hos tilhengjarane til The Who på grunn av den lett kjennelege melodien og pop-stilen.

Plassering på albumet Seint i 1968 eller tidleg i 1969, då The Who spelte eit utkast av det nye albumet til kritikar Nik Cohn fekk det berre lunken mottaking av Cohn. Etter dette diskuterte Townshend, som var hovudlåtskrivar på Tommy, albumet med Cohn og kom fram til at for å lette litt på det tunge andelege temaet som låg over albumet, så burde hovudkarakteren, ein «døv, stum og blind gut» vere særleg god i eit eller anna spel. Sidan Cohn var ein stor fan av flipperspel, foreslo Townshend at Tommy kunne spele dette. Songen «Pinball Wizard» vart skriven og spelt inn like etter.

Medverkande Roger Daltrey – solovokal Pete Townshend – korvokal, felles solovokal, akustisk gitar, elektrisk gitar John Entwistle – bassgitar Keith Moon – trommer

Salslister og salstrofé

Vekeslister Liste (1969)PlasseringAustralia KMR 45Canada RPM Top Singles6Frankrike89Tyskland25Irland14Nederland 12New Zealand 8Sør-Afrika (Springbok)6Sveits15Storbritannia4U.S. Billboard Hot 100[Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002]19U.S. Cash Box Top 10015

Årslister Liste (1969)PlasseringStorbritanniahttp://www.sixtiescity.net/charts/69chart.htm#top100 47U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)148

Salstrofé

Andre utgåver Songen var ein del av ein medley i lag med andre songar frå Tommy («See Me, Feel Me») i ei innspeling av det britiske popbandet The New Seekers i 1973. Denne utgåva nådde 16. plass på den britiske salslista.

Songen vart framført av Elton John i filmutgåva av Tommy i 1975. Denne utgåva vart gjeven ut på singel same året i USA og i 1976 i Storbritannia, der han nådde sjuandeplassen på singellista. Elton John nyttar piano som hovudinstrument i songen i staden for den klassiske akustiske gitaren frå originalen, samt med ekstra tekstlinjer skrivne av Townshend for filmutgåva. I tillegg kan ein høyre hint av The Who sin «I Can't Explain» under avsluttinga av songen. Elton John framførte songen ein del på konsertane sine og fram til i dag er det den einaste coverversjonen av The Who som har nådd Topp 10 i Storbritannia.

Rod Stewart framførte songen under orkesterutgåva av Tommy i 1972 og han er med på fleire av samleplatene til Stewart.

Songen er òg spelt av Tenacious D, McFly, Genesis, The Flaming Lips og Ukulele Orchestra of Great Britain.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pinball Wizard» frå , den 29. juni 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Who-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Decca Records-singlar Kategori:DJM Records-singlar Kategori:MCA Records-singlar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Track Records-singlar Kategori:Songar produserte av Kit Lambert Kategori:Elton John-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Genesis-songar Kategori:Petula Clark-songar Kategori:Kaiser Chiefs-songar Kategori:The Shadows-songar