Veig er eit vassdrag på vestlege Hardangervidda, i kommunane Eidfjord og Ullensvang i Vestland. Kjeldeelva åt Veig heiter Grøno og har utspringet sitt frå vatn aust for Grøndalshei nordvest for Litlos turisthytte. Veig renn nordover, det siste stykket gjennom Hjølmodalen i Eidfjord før ho renn ut i Eidfjordvatnet. I nedre del vert elva kalla Hjølmo.
Veig har både store verneverdiar og eit stort kraftpotensiale. Allereie i 1920-åra vart det utarbeidd planar for utbygging. Etter hard politisk strid vart Veig varig verna mot kraftutbygging i 1978 i samband med skipinga av Hardangervidda nasjonalpark.
I Hjølmodalen dannar Veig ein av dei vakraste fossane i landet; Valursfossen, med eit samla fall på 272 m.
Kjelder Store Norske Leksikon om Veig.
Kategori:Elvar i Vestland Kategori:Hardangervidda Kategori:Geografi i Eidfjord Kategori:Geografi i Ullensvang