Nordic Voices er ein norsk vokalsekstett som vart starta i mai 1996. Ensemblet består av seks medlemer med utdanning frå Norges musikkhøgskole og Statens operahøgskole. Repertoaret spenner frå gregoriansk song til nyare og moderne klassisk musikk. I tillegg til konsertar i Noreg, har koret turnert og opptrådt i ei rekkje land, m.a. USA, Taiwan, Japan, Sør-Afrika og fleire europeiske land. I 2007 gav dei ut albumet Reges Terrae med musikk frå 1500-talet spelt inn i mellomalderbasilikaen Ringsaker kyrkje i Hedmark.

Utmerkingar

Dei vart nominerte til Spellemannprisen 2007 i klassen klassisk musikk for Reges Terrae. Fartein Valen-prisen i 2008. Gammleng-prisen i 2010 i klassen kunstmusikk.

Diskografi

Sense & nonSense (JDR, 2001) Reges Terrae (Chandos, 2007) Djonki don (Aurora, 2008)

Kjelder

Denne artikkelen er basert på wikipedia sin artikkel om Nordic Voices på bokmål. Nordic Voices si heimeside Store Norske Leksikon om Nordic Voices

Kategori:Norske kor