Blodstorkenebb (Geranium sanguineum) er ein plante i storkenebbslekta. Han har rosaraude blomar og flikete blad, og kan bli 20-50 cm høg.

Veksestaden er gjerne tørre bakkar, strandberg og varme skogkantar. I Noreg er planten vanleg på Austlandet, og veks i kyststrøk til Fusa i Hordaland. thumb|left|0 Geranium sanguineum 'Striatum' mini|venstre|Blome. Skildring Blodstorkenebb har flikete blad med «fingrar» som går regelmessig ut frå bladfestet. Dei er festa tre og tre heilt eller nesten heilt inne ved bladfestet på bladstilken.

Blomane har fem kronblad og er nesten runde, med sterk rosa eller rosa-raudlilla farge. Dei sit enkeltvis på lange stilkar. Frukta er 3,4 cm lang og nebbliknande, og har slik gjeve namn til planten.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Blodstorkenebb» frå , den 4. august 2010. oppgav desse kjeldene: Lid, J. & D. T. Lid 2005. Norsk flora, 7. utg., Red.:R. Elven, Samlaget, Oslo.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Viltveksande plantar i Noreg