Buvik kyrkje står i Buvika i Skaun kommune i Trøndelag fylke, og er ei åttekantkyrkje reist i 1819.
Kyrkja fekk ikkje inventar før fire år seinare og ho vart vigsla i september 1823.
Kyrkja er soknekyrkje i Buvik kyrkjesokn i Orkdal prosti.
Naudsåra tidleg på 1800-tallet hefta byggeplanane og bygginga av ny kyrkja tok til først sommaren 1818 og den vart innvigd av biskop Bugge i september 1823. Bygget vart utforma etter mønster av Klæbu kyrkje (av Lars Larsen Forsæth) og dei to kyrkjene har same langstrakte åttekantform og er nesten like store. Tremodellen som vart brukt i Klæbu kan også ha vore brukt i Buvika. Sørmoen trur at Støren kyrkje, som også er av same type, har verka inn på arbeidet i Buvika. Soknepresten i Buvika, Mathias Heltberg, hadde vore soknepresten på Støren då kyrkja der var reist. Forma er typisk for åttekantkyrkjene i Sør-Trøndelag. På same måte som i Klæbu har Buvik kyrkje vindauge i to høgder. Medan Klæbu har eit tak med knekke eller avsats, har Buvik enkle slette valma takflater. Sørmoen meiner stilen dels har preg av empire. Sakristi vart bygd til på austsida i 1978.
Bygget vart i hovudsak sett opp på dugnad. Det åttekanta grunnplanet ga laftehogg på 135° som var ei utfordring for arbeidsfolket. Preikestolen vart sett over alteret («preikestolsalter»). Preikestolen vart i 1880 satt ned i skipet, men i 1930 vart den igjen sett over alteret. Preikestolen over alteret blir lite brukt og presten brukar i staden ein laus talarstol på golvet. Fire kraftige, marmorerte søyler ber tårnet og sperrar utsynet mot koret frå deler av skipet (Klæbu har ingen slike støtter under tårnet). Den åttekanta forma ga bygget tilnamnet «stappklubba». Bygget vart pussa opp til jubileet i 1969. Kyrkjebygget mangla opphavleg sakristi og fekk i 1978 sakristi i eit tilbygg på austsida. Tårnet hadde opphavleg ein rund kuppel som vart øydelagt av lynnedslag i 1861 og kyrkja fekk då eit åttekanta klokkehus i staden. Taket fekk i 1920 altaskifer i staden for det raude teglsteinstaket.
Rasmussen nemner Svend Aspås og Forseth som arkitektar.
Inventar Kyrkja har preikestolsalter. Døypefonten er laga i 1934 og er i tre.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Om Buvik kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sør-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Kyrkjer i Skaun Kategori:Norske kyrkjer frå 1810-åra Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Skaun