Fjågesund er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Namnet Fjågesund tyder «det vakre, blide sundet».

Geografi Fjågesund ligg ved den vestre enden av Flåvatn og ved Straumen, sundet som knyter Kviteseidvatn i nordvest til Flåvatn i søraust. Bygda er med det plassert om lag midtvegs ved Telemarkskanalen. Til Fjågesund reknast normalt også Bergstod, eit område som strekkjer seg langs sørsida av det vestlege Flåvatn.

Eit landemerke i bygda er den 300 meter høge og nær loddrette fjellveggen vest i bygda, ein del av fjellet Ånås.

Historie Det har truleg vore busetnader i Fjågesund i minst 5000 år. Det eldste oldtidsfunnet i bygda, som òg er det eldste i Kviteseid kommune, er ei tynnakka flintøks. Denne øksa har vorte datert til mellom 3500 f.Kr. og 2800 f.Kr. I tillegg er det funne ei skaftholøks, noko som tyder på jordbruk i alle fall frå bronsealderen av.

Også Fjågesund gard er særs gamal. Ut frå plasseringa til garden, storleiken hans og dateringa av andre gardar i heradet, har ein anslått at garden må ha blitt rydda ein gong i perioden 1 - 550 e.Kr. eller endå tidlegare. Garden var i eldre tid den største i heradet, og strakte seg opphavleg frå Kviteseid i vest til Tørdal i sør. Blant anna blei truleg Kviteseid gard og Kviteseid gamle kyrkje bygd på grunn frå Fjågesund. Til dei eldste gardane i bygda høyrer òg Østenå, som ligg på motsett side av sundet frå Fjågesund gard. Østenå kan ha blitt utskild frå Fjågesund i løpet av vikingtida. På denne garden har same slekta vore busett i minst 350 år.

Fjågesund har ei eiga kyrkje, innvia i 1916. I bygda var det òg skule fram til 2007 og ein landhandel som var i drift til 2010. Frå 1883 til 1991 var det òg eit postkontor i bygda, som då hadde postnummeret 3852 Fjågesund.

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstad om Fjågesund

Kategori:Bygder i Telemark Kategori:Telemarkskanalen Kategori:Geografi i Kviteseid