Spellemannprisen 1972 vart delt ut laurdag 3. mars 1973 i Chateau Neuf i Oslo. Dette var fyrste gong Spellemannprisen hadde utdeling. Det vart kåra vinnarar innanfor sju sjangrar og i tillegg delt ut tre spesial- og bransjeprisar. Komponist og arrangør Egil Monn-Iversen og musikalen Bør Børson Jr. fekk heidersprisen for musikalen som fyrste gong vart sett opp i 1972 på Det norske teatret. Jens Book-Jenssen fekk spesialpris og Sigurd Jansen fekk bransjepris som arrangør. Filharmonisk Selskaps Orkester vann den fyrste prisen i klassisk musikk/samtidsmusikk og har seinare vorte ein av dei artistane som har vunne flest prisar.

Utdelinga vart overført på radio og TV av NRK. Rolf Kirkvaag var programleiar.

Vinnarar thumb|100px|Erik Bye vann den fyrste spellemannsprisen for Beste mannlege artist i 1972. Klasse Artist Kvinnelege artist Kirsti Sparboe Mannlege artist Erik Bye Gruppe Popol Vuh Klassisk musikk/samtidsmusikk Filharmonisk Selskaps Orkester Visesong Birgitte Grimstad Open klasse Einar Schanke Barneplate Knutsen & Ludvigsen Spesialpris: heiderspris frå juryen Egil Monn-Iversen/Bør Børson Jr. Spesialpris Jens Book-Jenssen Bransjepris som arrangør Sigurd Jansen

Kjelder Nettstaden ifpi.no

Kategori:Spellemannprisen Kategori:Musikk i 1972 Kategori:Musikk i 1973