mini| Islas Chafarinas er ei gruppe på tre småøyar i Middelhavet utanfor kysten av Marokko. Dei har eit samla areal på 0,525 km² og ligg 45 km aust for Melilla og 3,3 km utanfor den marokkanske byen Ra'su l-Ma'. Islas Chafarinas er underlagt Spania og er eitt av fleire spanske område i Nord-Afrika utanfor den marokkanske kysten, kjend som Plazas de soberanía.
Islas Chafarinas består av tre øyar: Isla del Congreso 25,6 ha Isla Isabel II 15,3 ha (med garnison) Isla del Rey 11,6 ha
Øyane har vore under spansk kontroll sidan 1847 og det finst ein 190 mann stor militær garnison på Isla Isabel II, den einaste faste busetnaden i øygruppa. Folketalet har gått ned frå 426 menneske i 1900 og 736 menneske i 1910.
I 1980- og 1990-åra levde dei siste middelshavsmunkeselane i spansk territorium her før dei forsvann på 1990-talet.Foca monje del Mediterráneo>
mini|center|700px|Plazas de soberanía. Islas Chafarinas er til høgre.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Islas Chafarinas» frå , den 24. mai 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Afrika Kategori:Øyar i Spania Kategori:Øyar i Middelhavet Kategori:Plazas de soberanía Kategori:Omstridde område i Spania