Zaqaziqar. الزقازيق az-Zaqāzīq; IPA [zaʔaziːʔ] eller [zaɡaziːɡ]. Også skrive Zagazig, Sagasig og Zakazik. er ein by i Nedre Egypt som ligg aust i Nildeltaet. Byen er hovudstad for Sharqia guvernement, og har rundt 285 100 innbyggjarar (2004).

Zaqaziq ligg ved ei grein av Ismailiakanalen og al-Muˤizz, ein gammal nilkanal. Han er eit kuntepunkt for veg og jernbane, og eit sentrum for korn- og bomullshandel for det fruktbare jordbruksområdet rundt.

I byen ligg Universitetet i Zagaziq, som blei oppretta i 1974, og ei grein av det muslimske Al-Azhar, eitt av dei eldste universiteta i verda.

Byen er fødeplassen til Ahmed Orabi som leidde Orabi-opprøret mot europearane og khedivane i 1882. I Zaqaziq finn ein Orabi-museet tileigna han.

3 kilometer søraust for byen ligg ruinane av Bubastis, ein tidlegare egyptisk hovudstad som var sentrum for kattekulten i landet.

Folk frå Zaqaziq Ahmed Orabi (1841-1911), oberst og opprørsleiar Salama Moussa (1887-1958), skribent og tenkjar Salah Abdel-Sabour (1931-1981), modernistisk diktar John Traicos (f. 1947), cricket-spelar

Fotnotar

Denne artikkelen bygger på «Zagazig» frå , den 20. mai 2009.

Kategori:Byar i Egypt Kategori:Sharqia guvernement