Tibidabo er eit fjell i Barcelona i Catalonia i Spania. Med ei høgd på 512 meter over havet er fjellet det høgaste i Serra de Collserola. Det stig bratt opp i nordvest og gjev eit flott utsyn over fjellet og den omliggande kystlinja.Panoramabilete frå Tibidabo
mini|venstre|Sagrat Cor mini|Detaljar over kyrkjedøra
Det ligg ein fornøyelsespark, eit TV-tårn (Torre de Collserola) og ei romersk-katolsk kyrkje, Temple de Sagrat Cor, på toppen, som alle er synlege frå byen. Kyrkja vart teikna av Enric Sagnier og tok over 60 år å byggje. Det står ein skulptur på toppen av kyrkja av Det heilage hjartet av Josep Miret Llopart. Fornøyelsesparken er den eldste i Barcelona og har framleis mange av dei originale apparata. Nokre av dei er frå rundt 1900.
Ein kan nå Tibidabo med ein skjenetaubane, med buss og bil. Jernbanen vart bygd i 1901 og var den første av sitt slag i Spania.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tibidabo» frå , den 15. mai 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Barcelona Kategori:Fjell i Catalonia