Sierra de Ancares er ei fjellkjede i Spania som strekkjer seg sørvestover frå Dei kantabriske fjella i Asturias.
Ancares dannar grensa mellom dei autonome regionane Galicia og León. Ein av kommunane i Galicia i Os Ancares er kalla opp etter fjella.
Det høgaste fjellet er Cuiña (1987 moh.).
I dette området av Spania finst fleire isolerte samfunn som var heilt avskorne frå resten av omverda fram til det vart bygd vegar hit på midten av 1900-talet. Typiske byggverk i området vert kalla palloza.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sierra de Ancares» frå , den 11. mai 2009.
Ancares