DS «Olaf Kyrre» var eit passasjerskip som vart overlevert Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) i 1886. Skipet var byggnummer 21 ved Martens, Olsen & Co. i Laksevåg, Bergen, og kontraktsummen var 360 000 kroner. DS «Olaf Kyrre» var det tredje skipet i hurtigrutetrafikk, og gjekk i fast rotasjon i perioden 1899 til 1903. Den 10. juli 1909 grunnstøytte skipet og forliste på Hustadvika mellom Molde og Kristiansund.

Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å gje skipa sine namn etter norske herskarar. Olav Kyrre (Olav III) var konge i Noreg frå 1067 til 1093.

Kategori:Hurtigruteskip Kategori:Norske dampskip Kategori:Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Kategori:Skip frå 1886 Kategori:Forlis i 1909 Kategori:Forlis i Møre og Romsdal