MS «Alta» var eit kombinert laste- og passasjerskip (kystruteskip) som vart overlevert Finnmark Fylkesrederi og Ruteselskap (FFR), Hammerfest i 1950. Skipet var byggnummer 64 ved Trosvik mekaniske verksted i Brevik. MS «Alta» gjekk i rute Mosjøen - Hammerfest, men var fleire gongar utleigd som avløysarskip i hurtigruta. MS «Alta» vart seld til Fiji i 1967 og grunnstøtte og sokk året etter.
Kategori:Avløysarskip i hurtigruta Kategori:Finnmark Fylkesrederi Kategori:Skip frå 1950 Kategori:Forlis i 1968 Kategori:Forlis i Stillehavet