State of Confusion er det 19. studioalbumet til det engelske rockebandet The Kinks, gjeven ut i 1983. Det inneheld singelen «Come Dancing», som nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 og var ein av dei største hittane deira i USA, med ein like høg plassering som «Tired of Waiting for You» i 1965. Sjølve albumet vart òg ein stor suksess og nådde 12. plassen på albumlista i USA.

Det har vore minst sju nyutgjevingar av albumet på CD i forskjellige land (alle med fire bonusspor), men ingen av dei hadde med 12"-miksen av «Come Dancing», som aldri har blitt gjeve ut på CD. I tillegg har ikkje 12"-versjonen av «Noise» blitt gjeven ut på CD nokon gong. Den britiske 12"-versjonen av «Bernadette» har skilnader, og inneheld ekstra tekst av Davies i den midtre delen.

Produksjon Albumet vart spelt inn mellom september 1982 og mars 1983 i Konk Studios i London, og var produsert av Ray Davies.

«Long Distance» og «Noise» vart berre gjevne ut på kassettversjonar av albumet. I 1984 vart «Long Distance» gjeven ut som ein av to B-sider på singelen «Do It Again» i Tyskland (den andre var «Guilty»). Songen kom så ut på både LP- og CD-utgåva av samlealbumet Come Dancing with The Kinks i 1986.

Innhald

Medverkande The Kinks Ray Davies – solovokal, rytmegitar, synthesizer, piano Dave Davies – sologitar, vokal (solovokal på «Bernadette») Mick Avory – trommer Jim Rodford – bassgitar Ian Gibbons – klaverinstrument Teknisk Produsert av Raymond Douglas Davies John Rollo, Damian Korner – lydteknikar Howard Fritzson – albumdesign Robert Ellis – fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «State of Confusion» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:The Kinks-album Kategori:Arista Records-album Kategori:Album produserte av Ray Davies