Raundalen kyrkje står på Øyeflaten i Raundalen i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1921.

Ho er teikna av Haldor Larsen Børve og er bygd i tre. Veggane er i bindingsverk kledd med panel og trestolpar (søyler) i kyrkjerommet ber midtskipsveggane. Kyrkja er treskipa med forhøga midtskip. Sideskipa har form noko nær ein omgang. Dette gjev kyrkja eit preg som fører tanken til stavkyrkjene.Hoff, Anne Marte: Raundalen kyrkje, Norges kirker, lese 4.9.2014

Kyrkja er den fyrste på staden. Før dei fekk henne sokna folk i området til Vangskyrkja på Vossavangen.

Altertavla Altertavla er måla av Lars Osa og syner Jesu gravlegging. Målarstykket er frå 1952. Før denne tavla kom på plass var det ein utskoren trekross i ramme som tente som altertavle.

Gravstad Gravstaden i Raundalen vart teken i bruk i 1905. Klokkestøpulen som står ved kyrkja er truleg frå same tida og såleis eldre enn kyrkja.

Kjelder Norges Kirker: «Raundalen kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Raundalen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Voss kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Haldor Børve Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Voss Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1921 Kategori:Kulturminne i Voss