Tore Ørjasæter () var ein norsk lyrikar. Ørjasæter debuterte med diktsamlinga Ættar-arv i 1908. Hovudverket er trilogien om Gudbrand Langleite, som er eit episk verk om konflikten mellom å vere bufast og å vere fri, og mellom gammalt og nytt. Spenninga mellom det tradisjonelle bondesamfunnet og eit moderne samfunn, og splitta psykologi er viktige tema i forfattarskapet. Ørjasæter var tidleg ute med å ta i bruk nye retningar innan lyrikken. Han braut med tradisjonell, fast verserytme på sine eldre dagar. Ørjasæter skreiv på nynorsk. Han tok opp den nynorske tradisjonen etter Aasen, Vinje og Sivle, og vart den store vidareføraren av det nynorske skriftspråket og målrørsla.
Prisar og utmerkingar
Gyldendals legat 1946 Doblougprisen 1952 Melsom-prisen 1967
Verkliste 1908 - Ættar-arv – Lyrikk 1910 - I dalom – Lyrikk 1913 - Gudbrand Langleite – Trilogi, fyrste del 1915 - Manns kvæde – Lyrikk 1920 - Bru-millom – Trilogi, andre del 1925 - Skiringsgangen – 1927 - Skuggen – Trilogi, tredje del 1932 - Elvesong – Lyrikk 1945 - Livsens tre – Lyrikk 1948 - Christophoros – Skodespel 1949 - Den lange bryllupsreisa – Skodespel
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Skjåk Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen