Allar Levandi () er ein tidlegare estisk kombinertløpar som fyrst representerte Sovjetunionen og seinare Estland. Han oppnådde dei fremste resultata sine på slutten av 1980-åra og byrjinga av 1990-åra, medan han framleis representerte Sovjetunionen.
Han deltok tre gonger i OL, i 1988 for Sovjetunionen, og deretter for Estland i 1992 og 1994. Under OL i 1988 i Calgary tok han bronse individuelt, og dette var høgdepunktet i karrieren hans.
Året før hadde han saman med Sergej Tsjervjakov og Andrej Dundukov teke bronse i lagkonkurransen for Sovjetunionen under VM i 1987 i Oberstdorf. Han gjekk for det estiske laget som enda på fjerdeplass under OL på Lillehammer i 1994.
I verdscupen vart Levandi nummer to samanlagt i sesongen 1989/90.
Allar Levandi er gift med den tidlegare sovjetiske kunstløparen Anna Kondrasjova.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Estiske kombinertløparar Kategori:Sovjetiske kombinertløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Folk frå Tallinn