Alfred Neuland () var ein estisk vektløftar som deltok i dei olympiske leikane i 1920 i Antwerpen og i 1924 i Paris.

Neuland vart olympisk meister i vektløfting under OL 1920 i Antwerpen. Han vann den nest lettaste klassen, lettvekt opp til 67,5 kg. Det var fyrste gongen i OL at løftarane vart delte inn i ulike vektklassar. Det var totalt fem vektklassar under OL i 1920. Han løfta samanlagt 257,5 kilo, 17,5 kg meir enn sølvvinnaren. I vektløftkonkurransen var det tre løft, rykk og støyt med éi hand og støyt med begge hendene. Det var 12 utøvarar frå 10 land i lettvektklassen som vart avvikla 29. august 1920. Fire år seinare, under OL i 1924 i Paris, kom Neuland på andreplass i vektløfting i mellomvekt.

OL-medaljar 1920 Antwerpen - Fil:Med 1.png Gull i vektløfting, lettvekt 1924 Paris - Fil:Med 2.png Sølv i vektløfting, mellomvekt

Kategori:Estiske vektlyftarar Kategori:Olympiske meistrar for Estland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Estland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1920 Kategori:Estiske deltakarar under sommar-OL 1920 Kategori:Vektlyftarar under sommar-OL 1920 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1924 Kategori:Estiske deltakarar under sommar-OL 1924 Kategori:Vektlyftarar under sommar-OL 1924 Kategori:Folk frå Valga maakond