Råkefuglar (Coraciiformes) er ein biologisk orden av fargerike fuglar som er nært i slekt med sporvefuglar. Ordenen inkluderer mellom anna isfuglfamilien, motmotar, råkar og og bietarar. Dei er vanlegvis syndaktyle – hos dei fleste artar er dei to ytre tærne vaksne saman i nesten heile lengda. Hos artar i isfuglfamilien er den indre tåa ofte redusert eller borte.
Råkefuglar finst hovudsakleg i «den gamle verda», representasjonen i Amerika er avgrensa til rundt eit dusin artar av todiar og motmotar, og berre ei handfull av dei over 110 artar av isfuglar finst i «den nye verda».
Det latinske namnet Coraciiformes indikerer 'ramnaktig', som er misvisande ettersom ramnar er med i gruppa songfuglar av sporvefuglar. 'Corax' tyder ramn.
Systematikk Råkefuglar, Coraciiformes, samlar totalt 185 artar fordelt på seks familiar: Råkar, Coraciidae, 13 artar Markråkar, Brachypteraciidae, 5 artar Isfuglar, Alcedinidae, 117 artar Todiar, Todidae, 5 artar Motmotar, Momotidae, 14 artar Bietarar, Meropidae, 31 artar
Kjelde
Kategori:Fuglar etter klassifisering