Paldiski er ein hamneby ved Austersjøen i Estland. Han ligg på Pakrihalvøya nordvest i landet. Opphavleg var han ein svensk busetnad kalla Rågervik, og vart ein russisk marinebase på 1700-talet. Russarane kalla staden Балтийский Порт eller Baltijskij Port, som tyder «Austersjøhamna» i 1762, og den estiske uttalen Paldiski vart det offisielle namnet i 1933.
Sovjettida venstre|mini|portrett|Forlatne militærbygningar i Paldiski (1999).
I 1962 vart Paldiski eit treningssenter for atomubåtar i den sovjetiske marinen. Med to landbaserte atomreaktorar og 16 000 tilsette, var han ein av dei største anlegga av sitt slag i Sovjetunionen. På grunn av dette var heile staden ein lukka by med piggtrådgjerde rundt fram til det siste russiske krigsskipet forlét hamna i august 1994. Russland gav frå seg kontrollen over anlegget i september 1995.
Nyare tid Etter Estland fekk sjølvstendet sitt, hadde ikkje byen nok estiske innbyggjarar, og Paldiski vart underlagt Keila fram til 30. oktober 1996. Han ligg 45 km vest for Tallinn og er i dag ein eigen kommune med fast ferjesamband til Kapellskär i Sverige (operert av Tallink). Tomme sovjetiske bustadblokker utgjer store delar av byen, og restane etter militærbasane finst over store område.
Anlegget i dag I dag har byen berre om lag 4000 innbyggjarar. Fram til nyleg var det berre eit lite hotell i byen, medan det no er to daglegvareforretningar, ei alkoholsjappe, ein bank og ei kro.
Paldiski er endestasjon på jernbanelinja Elektriraudtee, som går inn til hovudstaden.
Kjende folk frå Paldiski Amandus Adamson (1855–1929), kunstnar Balder Tomasberg (1897–1919), kunstnar Viire Valdma (f. 1960), skodespelar ational hero
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Paldiski» frå , den 8. april 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Estland Kategori:Kommunar i Estland Kategori:Harju maakond Kategori:Russiske og sovjetiske marinebasar Kategori:Hamnebyar ved Austersjøen Kategori:Lukka byar