mini|Skalica Záhorie (ungarsk Erdőhát) er ein region vest i Slovakia som grensar til Dei vesle Karpatane i aust og elva Morava i vest. Sjølv om det ikkje er ein administrativ region, er han ein av 21 offisielle turistregionar i Slovakia. Záhorie omfattar regionane Bratislava region (Malacky distrikt og Záhorská Bystrica i Bratislava), Trnava region (Senica og Skalica districts) og Trenčín region (sør i Myjava distrikt). Regionendannar òg grensa mello Slovakia, Tsjekkia og Austerrike.

Namn Namne «Záhorie» tyder «Landet bak fjella» og viser til De vesle Karpatane som skil Záhorie frå resten av Slovakia.

Folkesetnad Det bur om lag 170 000 innbyggjarar i området. Byar i regionen er Brezová pod Bradlom, Gbely, Holíč, Malacky, Senica, Skalica, Stupava og Šaštín-Stráže.

Innbyggjarane taler ein særeigen slovakisk dialekt som liknar dialekten i Mähren, og innbyggjarane vert kalla záhoráci.

Miljø og økologi Enkelte delar av Záhorie er verna med Záhorie verna landskapsområde, det første låglandet som har denne statusen i Slovakia. Landskapsområdet dekkjer 275,22 km² og er delt inn i to fråskilde delar, ein nordaustleg og ein vestleg. Dei vesle Karpatane verna landskapsområde og Biele Karpaty verna landskapsområde ligg delvis i Záhorie.

Galleri

Bakgrunnsstoff Záhorie på Slovakia.travel Záhorie på enjoyBratislava

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Záhorie» frå , den 5. april 2009. oppgav desse kjeldene:

Záhorie Kategori:Tradisjonelle regionar i Slovakia