Ein høgskule (eller høgskole) er ein forskingsinstitusjon og lærestad for høgare utdanning, som normalt ikkje har eigen doktorgradsutdanning. I motsetnad til universiteta må dei ha godkjenning frå Kunnskapsdepartementet for å kunne opprette nye studium på master- og doktorgradsnivå. På bachelornivå har dei same fullmakt som universiteta.
Ein høgskule må ikkje forvekslast med den eksamensfrie folkehøgskulen.
Høgskular i Noreg
Namnsetjing Det er kongen som fastset namnet på høgskulanehttp://wwregjeringen.no/nn/dep/kud/Dokument/Rundskrivud/Dokument/Rundskriv/2001/rundskriv-v-10n2001.html?id=108895w.lovdata.no/all/tl-20050401-015-008.html, og som offentlege institusjonar skal dei hava namn på både bokmål og nynorskhttp://www.sprakradet.no/Politikk-Fakta/Lov_og_rett/Maallova/. Det er normal praksis at namnet er likt på båe språka, og at namnet difor vert «Høgskolen i...» (til dømes Høgskolen i Vestfold) for distriktshøgskulane, og «Noregs (eller Norges) ...høgskole» (til dømes Noregs handelshøgskole) for dei vitskaplegehttp://sprakradet.no/Tema/Sprak-i-staten/Navn-pa-statsorganer1/#Skoler.
Denne praksisen har i dag tre unnantak: Høgskulen i Volda heiter «Høgskulen» på nynorsk og «Høgskolen» på bokmål, same gjeld Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tredje unnantaket ligg på Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), der det er eit institutt som heiter «Handelshøyskolen ved UMB»http://www.umb.no/statisk/universitetsledelsen/us_moteboker/2012/utkast_motebok140612.pdf. Instituttet har ikkje noko nynorsk namn, og namngjevinga er difor i strid med Mållova.
Sjå også Høgskular i Noreg Høgskulereforma
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Høgskule» frå , den 4. april 2009.
Kategori:Utdanning Kategori:Utdanningsinstitusjonar