Alan Price () er ein engelsk musikarar som er mest kjend som den første organisten i The Animals. Han er i dag soloartist.

Det var i stor grad han som arrangerte den første hitten til The Animals, «The House of the Rising Sun» i 1964. Han forlet Animals alt i 1965 på grunn av at bandet ønskte å dra i forskjellige musikalske retningar og på grunn av flyskrekk, som hindra han i turnere. Kort tid etter starta han Alan Price Set og hadde nokre hitsinglar med gruppa før ho vart oppløyst i 1968. Han har i løpet av åra etter gjeve ut mange soloalbum og samarbeidd med Georgie Fame.

I 1973 laga han musikk og medverka i filmen O Lucky Man! av Lindsay Anderson.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alan Price» frå , og «Alan Price» frå den 2. april 2009.

Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Engelske organistar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske songarar Kategori:The Animals-medlemmar