Sanctus, latin for ‘heilag’, er eit liturgisk ledd i den kristne messa, ofte det mest høgtidlege.
Teksten er henta frå lovsongen serafane song til Gud i tempelet i Jerusalem og frå lovsongen folket i Jerusalem hylla Jesus med då han reid inn i byen den fyrste palmesundagen. (Matteusevangeliet 21:9; Markusevangeliet 11.9-10; Johannesevangeliet 12.13).
«Sanctus» er òg namnet på dei små klokkene som blant anna vert bruka ved katolske messer.
Tekst Teksten lyder på latin: Sanctus, Sanctus, Sanctus, Dominus Deus Sabaoth; pleni sunt coeli et terra gloria tua. Hosanna in excelsis. Benedictus, qui venit in nomine Domini. Hosanna in excelsis.
I norsk omsetjing lyder han:Gudstenestebok for Den norske kyrkja Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot, all jorda er full av hans herlegdom. Hosianna i det høgste. Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste.
Det er skrive mange melodiar til Sanctus. Melodiane kan variere gjennom kyrkjeåret.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sanctus» frå , den 1. april 2009.
Kategori:Kristen liturgi Kategori:Latinske ord og uttrykk