«Highwire» er ein song av The Rolling Stones som vart gjeven ut på konsertalbumet deira Flashpoint frå 1991.

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og er ein av få politiske songar som Stones skreiv, ein kommentar om Golfkrigen. Jagger har sagt at songen ikkje er om sjølve krigen, men om korleis krigen starta.

Teksten omhandlar opptakten til krigen og kritiserte politikken som låg bak:

«Highwire» vart gjeven ut som singel frå albumet 1. mars 1991. Han nådde 29. plass på den britiske singellista, fjerdeplass i Noreg og 57. plass i USA. Det vart laga ein musikkvideo til songen som syner bandet som spelar songen i ein industriell setting.

Salslister Vekeslister Liste (1991) Plassering

Årslister Liste (1991)PlasseringCanada Top Singles (RPM)89

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Highwire (song)» frå , den 27. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar på toppen av Billboard Mainstream Rock-lista Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple