«One Hit (to the Body)» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones og opningssporet på albumet deira Dirty Work frå 1986.
Innspeling Songen er tilskriven songar Mick Jagger, gitarist Keith Richards og gitarist Ron Wood, men vart i hovudsak skriven av Richards og Wood. Begge gitaristane medverka stort til albumet, og Wood var tilskriven ytterlegare tre songar i lag med Jagger og Richards. Wood medverka med den akustiske introduksjonen. Woods nytta Richards sin eigen Martin D-18 frå 1967 under eit forsøk på å finne eit skikkeleg elektrisk gitarriff, men dei valde å halde på den akustiske utgåva. Både Richards og Wood spelte elektrisk gitar på songen, men hovudriffa og soloane vart spelt av Jimmy Page frå Led Zeppelin.
Hardrock-stilen og minimal bruk av instrument kom av at Jagger medverka minimalt på heile albumet. Vokalen til Jagger er likevel kjensleladd og ru, og teksten handlar om eit røft, kjenslemessig forhold, der tittelen viser til eit bokstavleg slag frå ein kjærast.
Korvokalen på songen vart sungen av Richards, Wood, Bobby Womack, Patti Scialfa, Don Covay og kona til produsent Steve Lillywhite, Kirsty MacColl. Songen vart spelt inn fleire gonger gjennom 1985 i Pathé Marconi Studios i Paris og RPM Studios i New York City.«One Hit (to the Body)». Time Is On Our Side. 2007.
Singel
«One Hit (to the Body)» vart gjeven ut som den andre singelen på Dirty Work den 16. mai i Storbritannia og 9. mai i USA med songen «Fight» som B-side. Singelen nådde Topp 30 i USA. Musikkvideoen hadde eit tema som tok tittelen på songen bokstavleg, der Jagger og Richards «slost» mot kvarandre. Jagger og Richards var uvener i løpet av det meste av 1980-åra, og striden dei i mellom var på topp i perioden då Dirty Work kom ut.
Salslister Liste (1986) PlasseringAustralia (Kent Music Report)34
Bakgrunnsstoff Songteksten
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «One Hit (to the Body)» frå , den 27. mars 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av Steve Lillywhite Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Songar skrivne av Ronnie Wood Kategori:Musikkvideoar regisserte av Russell Mulcahy