Hyen kyrkje står i bygda Hyen i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1876. Ho er ført opp etter teikningar laga av kunstmålaren Karl Uchermann, som var son til soknepresten i Gloppen.

Kyrkja er soknekyrkje i Hyen sokn i Nordfjord prosti. Soknet vart skild ut frå Vereide sokn i 1881.

Den noverande kyrkja er den andre kjende i Hyen. Den fyrste kjenner ein til frå 1200-talet, men ho verkar ha gått or bruk i tida etter Svartedauden.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Hyen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kyrkjesøk Om Hyen kyrkje på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminnne i Gloppen kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Gloppen Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Kulturminne i Gloppen Kategori:1876 i Noreg