mini|Donauåsane dekkjer ein stor del av det vestlege Slovakia

Donauåsane (slovakisk Podunajská pahorkatina) eller Det donauske høglandet er det nordaustlege, meir kuperte delen av Det donauske låglandet i Slovakia.

Dei ligg mellom Donausletta og Donau i sør, Vesle Karpatane i vest og Dei vestlege Karpatane i nord og aust. Grensa mot Donausletta gå om lag langs linja Bratislava – Senec – Sereď – Nové Zámky – Patince.

Området har varierte bergartar (leire, grus, sand), som er dekt av sediment (løss) og særs frodig jord frå kvartærtida.

Dei største byane i området er Trnava, Topoľčany, Nitra, Levice, Dudince og Štúrovo. Elvane Váh, Nitra, Žitava, Hron og Ipeľ renn gjennom åsane. Det finst fleire verna område i Donauåsane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Danubian Hills» frå , den 23. mars 2009.

Kategori:Fjellkjeder i Slovakia