Šabac (kyrillisk Шабац) er ein by og ein kommune i Serbia langs elva Sava i den historiske regionen Mačva. Han er det administrative senteret i distriktet Mačva. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar, medan kommunen har om lag 105 000 innbyggjarar. Byen fekk byrettar i 2007 etter ei avgjersle i nasjonalforsamlinga i Serbia.
Historie
Den første busetnaden her går tilbake til mellomalderen, og han vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1454 som Zaslon. Han var ein del av den slaviske serbiske staten fram til området vart underlagt Det osmanske riket. I 1470 bygde tyrkarane den første festninga i byen og kalla han Bejerdelen. I 1476 okkuperte den ungarske kongen Matthias festninga og han verande under Ungarn fram til 1521. Festninga kom igjen tilbake til Det osmanske riket, men med ei forholdsvis viktig plassering, vart ho fleire gonger erobra av Austerrike. Grensebyen var òg viktig for handel i området.
Byen vart viktig i serbisk historie i det første serbiske opprøret i 1806. Dette året leia Karađorđe Petrović serbiske opprørarar til ein av dei første sigrane over den tyrksie hæren nær landsbyen Mišar, som ligg nær Šabac. Familien Obrenović har òg sett sitt preg på byen. Jevrem Obrenović, bror til fyrst Miloš Obrenović, moderniserte og urbaniserte byen etter det andre serbiske opprøret. I den første tida, frå 1820- til 1840-åra, vart dei første sjukehuset, apoteket, skulen, gymnaset, teateret og musikarsamfunnet bygd i Šabac.
Tyrkarane forlet til slutt festninga i Šabac i 1867. Den første avisa i byen vart trykt i 1883 og byen vart den første staden i Serbia der kvinner fekk vitje kafeane. Byen blømde fram til den første verdskrigen, då han vart kraftig øydelagd og folketalet vart halvert til om lag 7000. Byen er hugsa for slaget på fjellet Cer i nærleiken, der den serbiske armeen under Stepa Stepanović vann ein tidleg siger mot Austerrike-Ungarn i august 1914, den første allierte sigeren i krigen. Etter krigen vart Šabac æra med den franske krigskrossen med sigerspalme (1920), den tsjekkoslaviske krigskrossen (1925) og Karađorđe-ordenen si stjerne med sverd (1934).
I perioden under det sosialistiske Jugoslavia utvikla byen seg vidare. Den kjemiske fabrikken Zorka opna i Šabac i 1938. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av Nazi-Tyskland. 5000 innbyggjarar frå byen vart sett inn i Šabac konsentrasjonsleir, i lag med 20 000 fleire, og rundt 7000 menneske mista livet her. Byen vart til slutt frigjeven av partisanar i 1944.
Etter den andre verdskrigen voks Šabac til ein moderne industriby rundt den kjemiske fabrikken Zorka.
Befolkningsutvikling
+ Historiske folketal År Folketal 1948 75 096 1953 82 414 1961 94 866 1971 107 143 1981 119 669 1991 123 633 2002 122 893 2011 115 884 2022 105 432
Busetnader Dei største busetnadane i kommunen er:
Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Šabac 55 163 53 919 51 163 Majur 6 854 7 031 6 664 Pocerski Pričinović 5 992 6 465 6 365 3 310 3 408 3 390 4 464 3 931 3 324 2 217 2 200 2 048 2 582 2 221 1 883 2 285 2 037 1 781 2 345 2 035 1 576
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Šabac» frå , den 23. mars 2009.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Šabac sommarfestival
Kategori:Byar i regionen Šumadija og vestlege Serbia Kategori:Byar og tettstader i distriktet Mačva Kategori:Distriktet Mačva