mini|Gravstein for professor Bengt Lidforss i Lund. Bengt er eit mannsnamn av svensk opphav, danna som ei form av Benedikt som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'. Bengt har namnedag i Noreg og Sverige den 21. mars.
Bengt er kjend i svenske tekstar frå 1300-talet, då med skrivemåten Benkt. Andre namn med lik tyding og opphav er til dømes Ben, Bent og Bendik, medan Beate, Benedikte og Bente er nærskylde kvinnenamn.
Bruk Namnet var brukt sjeldan i Noreg først på 1900-talet, men bruken tok seg litt opp på 1920- og 1930-talet. I 1950- og 1960-åra voks bruken mykje, til ein topp på over 0,25 % rundt 1970. Deretter gjekk bruken bratt ned. I 2009 var det rundt 2 304 norske menn som heitte Bendik.
I Danmark heitte 1,0 % av menn, eller 27 415, Bent i 2008.
Namneberarar mini|Norske Bengt Pedersen. Bengt Algotsson (ca. 1330,-1360), svensk riddar og statthaldar Bengt Berg (1885-1967), svensk dokumentarfilmskapar Bengt Samuelsson (f. 1934), svensk kjemikar og nobelprisvinnar Bengt af Klintberg (f. 1938), svensk folklorist og forfattar Bengt Eriksen (f. 1965), norsk fotballekspert på TV 2 Bengt Pedersen (f. 1970), norsk countryartist Bengt Sæternes (f. 1975), norsk fotballspelar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bengt» frå , den 20. mars 2009.
Kategori:Mannsnamn Kategori:Slektsnamn Kategori:Svenske førenamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav Kategori:Namn knytte til kristendommen