Veternica (serbisk Ветерница) er ei elv sør i Serbia med ei lengd på 75 km. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå venstre og har gjeve namn til regionen ho renn gjennom.

Veternica spring ut frå fjelltoppen Grot, sør i Kukavica. Fire mindre elvar møter kvarandre og skapar Veternica. Ei stund renn elva parallelt til Jablanica. Elva er knytt til Jablanica via ein kanal ved landsbyen Bogojevce, før ho munnar ut i Južna Morava.

Nedslagsfeltet til Veternica høyrer til Svartehavet og ho drenerer eit område på 515 km².

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Veternica» frå , den 17. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6

Kategori:Elvar i Serbia