Ralja (serbisk Раља) er ei elv i regionen Šumadija i Serbia. Ho er 51 km lang og ei sideelv til Jezava frå venstre, som er den venstre greina av Velika Morava.
Ralja spring ut nord i Kosmaj-fjellet, nord for landsbyen Velika Ivanča i kommunen Sopot i byen Beograd. Elva renn gjennom nokre av forstadane i Beograd, men renn bort frå byen og ut i ein av armar av Jezava ved Radinac.
Ralja drenerer eit område på 310 km² og høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ralja» frå , den 17. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Kategori:Elvar i Serbia