Carl Frode Tiller () er ein norsk forfattar, historikar og musikar frå Namsos.

Tiller forfattardebuterte med romanen Skråninga i 2001. Boka vart svært godt teken mot av kritikarane og han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris og P2-lytternes romanpris for henne. Romanen Innsirkling frå 2007 gav han Brageprisen. Han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris for både Innsirkling og Innsirkling 2, og fekk European Union Prize for Literature i 2009 for Innsirkling. Tiller skriv bøkene sine på nynorsk.

Bøkene hans har vorte omsette til svensk, dansk, islandsk, fransk, tsjekkisk, ungarsk og tysk.

Saman med Håvard Thørring er han gruppa Kong Ler, som har utgjeve to CD-ar.

Utgjevingar

Bibliografi Skråninga – roman (2001) Bipersonar – roman (2003) Innsirkling – roman (2007) Folkehelsa – skodespel (2009) Skråninga – skodespel (2010) Innsirkling 2 – roman (2010) Innsirkling 3 – roman (2014) Portrett av ein varulv – skodespel (2011) Arbeidarhjerte bok 1 – roman (2024) Arbeidarhjerte bok 2 – roman (2025)

Diskografi Kong Ler - Smil! – CD (1997) Kong Ler - Sauter, et bakterievorspiel bak beingrinda – CD (2000)

Teateroppføringar Skråninga – uroppført på Det Norske Teatret i 2004 Folkehelsa – uroppført på Trøndelag Teater i 2007 Innsirkling – uroppført på Det Norske Teatret i 2011

Prisar Tarjei Vesaas' debutantpris 2001, for Skråninga P2-lytternes romanpris 2001, for Skråninga Sunnmørsprisen 2001, for Skråninga Aschehougs debutantstipend 2001, for Skråninga Bjørnsonstipendet 2004, for Bipersonar Brageprisen 2007, for Innsirkling. Den norske Kritikerprisen for litteratur 2007 for Innsirkling. Mads Wiel Nygaards legat 2007 Sult-prisen 2008, for InnsirklingTiller hedret med Sultprisen, NRK Trøndelag Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2008 for Innsirkling European Union Prize for Literature 2009 for Innsirkling Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2011 for Innsirkling 2 P2-lytternes romanpris 2010 for Innsirkling 2

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Carl Frode Tiller Utgjevingar av Carl Frode Tiller i BIBSYS Ask

Kategori:Folk frå Namsos Kategori:Forfattarar frå Nord-Trøndelag Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2001 Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Tarjei Vesaas' debutantpris Kategori:Vinnarar av Aschehougs debutantstipend Kategori:Vinnarar av Bjørnsonstipendet