Moldøyna (uttale målløynæ eller mådløynæ) er ei øy og ein gard nordvest i Fedje kommune. Øya vart knytt til resten av Fedje ved ei vegfylling i 1960-1961. Øya ligg rett sør for Skotholmen og ligg mellom Kyrkjevågen i vest og Fedjefjorden i aust. I sør ligg Nord-Tangen.

Namnet kjem av mold eller jord.

Moldøyna vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1603, då det vart skriven Moldøen. Dette var lenge den vanlege skrivemåten og vert i dag framleis nytta som slektsnamn. Moldøyna vart delt i to bruk i 1608 og i 1628 i tre bruk. Frå rundt 1700 har det vore fire bruk på øya. I nyare tid har det vorte skild ut fleire tomtar. I 1976 bygde P/R M/S «Feiebas» eit bygg med kai her som landbase for reiarlaget og fiskebåten med same namn.

Kjelder

Fotnotar

Kategori:Gardar på Fedje Kategori:Øyar i Fedje Kategori:Geografi i Fedje