«Have You Seen Your Mother, Baby, Standing in the Shadow?» (ofte forkorta til «Have You Seen Your Mother Baby?») er ein song av The Rolling Stones. Han kom først ut som singel i september 1966 og seinare på det britiske samlealbumet Big Hits (High Tide and Green Grass).

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og vart spelt inn på seinsommaren 1966. Dette var første gongen Stones nytta blåsarar på ein song, og han er ein av dei første songane nokon gong som nyttar seg av feedback frå gitarane.

Singelen nådde femteplass i heimlandet og niandeplass i USA. I Noreg kom songen opp til sjetteplass, og låg berre tre veker inne på Topp 10. B-sida var den bluesaktige «Who’s Driving Your Plane?» med Brian Jones på munnspel. Omslaget på singelen viste bandet utkledd i kvinneklede. Peter Whitehead filma ein musikkvideo til songen, ein av dei første musikkvideoane nokon gong.

Medverkande Mick Jagger – vokal, klapping Keith Richards – gitar, korvokal, klapping Brian Jones – gitar Bill Wyman – bassgitar, korvokal Charlie Watts – trommer Jack Nitzsche – piano, tamburin Studiomusikarar – trompet

Salslister Liste (1966)Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Have You Seen Your Mother, Baby, Standing in the Shadow?» frå , den 26. februar 2009.

Bakgrunnsstoff Songteksten

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Decca Records-singlar Kategori:London Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av Andrew Loog Oldham