Drenica (serbisk skrift Дреница;, albansk Drenicë) er ei elv i Kosovo med ei lengd på 50 km. Ho er ei sideelv til Sitnica frå høgre. Heile elva renn gjennom Kosovo og har gjeve namn til regionen med same namn.
Drenica spring ut frå sentrale område av fjellet Crnoljeva. Det ligg fleire store landsbyar i dalen, og den vesle byen Gllogoc. Like før ho munnar ut i Sitnica nær byen Kosovo Polje, deler ho seg i to greiner. Elva høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og har sjølv eit nedslagsfelt på 447 km².
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Drenica River» frå , den 26. februar 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Kategori:Elvar i Kosovo