Oddleiv Sigurd Bang Hølaas, kjend som Odd Hølaas, () var ein norsk journalist og forfattar.

Hølaas arbeidde som journalist i avisene Nationen og Tidens Tegn, og var presseattaché i København frå 1946 til 1950 og kulturattaché i Washington D.C. frå 1951 til 1956. Etter det arbeidde han i Dagbladet og han var spaltist i vekebladet Aktuell. I 1968 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for essaysamlinga Livstegn og speilinger som mellom anna handlar om Ku Klux Klan og tilhøva dei kvite rasistane i sørstatane i USA stelte i stand for dei afroamerikanske landsmenna sine.

Prisar og utmerkingar 1964: Riksmålsforbundets litteraturpris 1964: Gyldendals legat 1968: Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for essaysamlinga Livstegn og speilinger

Bøker 1936 – Nederst ved bordet (Gyldendal, Oslo) 1940 – Jordens erobring : fra Vinlandsferdene til Roald Amundsen (Stenersens forlag, Oslo) 1941 – Th. Kittelsen : den norske faun (Gyldendal, Oslo) 1945 – Redaktør for Theodor Kittelsen : i tekst, tegninger og malerier (Gyldendal, Oslo). 1946 – De talte dager, kronikkar og essay (Gyldendal, Oslo) 1952 – Norge under Haakon VII 1905-1952 ved Odd Hølaas, tidsrommet 1945-1952 ved Asbjørn Barlaup og Henning Storm (Cappelen, Oslo) 1962 – Troll i Norge som Th. Kittelsen så dem (Norsk Kunstproduksjon, Oslo) 1964 – Øyne som ser : et galleri av kunstnere (Gyldendal, Oslo) 1966 – Livstegn og speilinger, (Gyldendal, Oslo) 2001 – Storm og lys : livstegn og speilinger 2, redigert av Gordon Hølmebakk (Aschehoug, Oslo)

Bakgrunnsstoff Herbjørn Sørebø skriv om Hølaas og Livstegn og speilinger i Dag og Tid Utdjupande artikkel på snl.no, skriven av Arne Bonde.

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Norske journalistar Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat