12. november er den 316. dagen i den gregorianske kalenderen (317. under skotår). Det er 49 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar Fødselsdagen til Sun Yat-sen i Kina og Taiwan
Religiøs helgedag
Namnedag
Hendingar
Utlandet 764: Tibetanske styrkar hærtok Chang'an, hovudstaden til Tang-dynastiet, og okkuperte han i femten dagar. 1720: Peter Wessel Tordenskjold vart drepen i ein duell i Hildesheim i Tyskland. 1918: Austerrike blei republikk.
Noreg 1139: Magnus Blinde og Sigurd Slembe fall i slaget ved Holmengrå ut for Svinesund. 1905: Folkeavstemning den 12. og 13. november om monarki eller republikk i Noreg førte til valet av prins Carl som norsk konge. 259 563 stemde for, 69 264 imot. Berre menn hadde stemmerett. 1944: Det tyske slagskipet «Tirpitz» sokk ved Tromsø, etter å ha vorte bomba av britiske fly. I kring 900 tyske soldatar fall. 1972: Partiet Venstre vart kløyvt då eit mindretal forlet landsmøtet på Røros og seinare danna Det nye folkepartiet.
Fødde mini|Neil Young i Stavern i 2016
1817: Bahaullah, religiøs leiar (bahai) 1840: Auguste Rodin, fransk bilethoggar 1896: Peter Hognestad, prest og diktar Sun Yat-sen, kinesisk statsleiar 1915: Roland Barthes, fransk filosof 1945: Neil Young, kanadisk musikar og låtskrivar 1948: Magnhild Meltveit Kleppa, politikar
Døde
1035: Knut den mektige, konge av Noreg, Danmark og England 1139: Kong Magnus Blinde av Noreg 1869: Friedrich Overbeck, tysk målar 1987: Cornelis Vreeswijk, nederlandsk-svensk songar og låtskrivar 2007: Ira Levin, amerikansk forfattar 2008: Mitch Mitchell, britisk musikar
Bakgrunnsstoff