Melodi Grand Prix 2009 var den 47. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 21 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 21. februar 2009 i Oslo Spektrum. Den suverene vinnaren blei «Fairytale», framført og skriven av Alexander Rybak. Han representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva, der han vann andre semifinale og kvalifiserte seg til finalen. «Fairytale» vann også finalen, og dette var Noregs tredje siger i Eurovision Song Contest. Dei to førre var i 1985 og 1995.
Sendingane For fjerde år på rad bestod Melodi Grand Prix av tre delfinalar, Siste sjanse og ein finale. 21 songar deltok i tevlinga, noko som var ny rekord. Det var sju songar i kvar delfinale, og dei to beste gjekk rett til finalen i Oslo Spektrum laurdag 21. februar. Tredje- og fjerdeplassane og to av dei utslåtte låtane fekk ei ny moglegheit i Siste sjanse laurdag 14. februar. NRK produserte sendingane i samarbeid med produksjonsselskapet Dinamo Story, og prosjektleiar Stian Malme i NRK sa at dei ønskte å gjere tevlinga større, proffare og meir populær.Bjørn, Camilla (17. desember 2008). «Klart for tidenes største MGP». VG Nett.
Låtar og deltakarar Det kom inn 350 bidrag i den opne konkurransen, og NRK kravde at minst 50 prosent av bidraget måtte vere skriven av nordmenn.Christian Jacobsen (24. januar 2010). «Askeladden Alexander». escnorge.net. Besøkt 10. august 2009. Fleire kjende musikarar sende inn låtar, blant dei var Trond Andreassen frå Ricochets og Mariann Thomassen frå Surferosa som begge meinte at Melodi Grand Prix var blitt meir stovereint og «mykje betre» dei siste åra.Jappée og Grønneberg, Gjermund og Anders (10. desember 2008). «– GP er blitt stuerent». Dagbladet. s. 56. Musikarar som Marte Wulff, Simone Larsen og Christian Ingebrigtsen var også blant låtskrivarane.
Blant artistane var det ikkje like mange kjende, men Wenche Myhre var attende for første gong sidan 1992. Bandet Surferosa, den tidlegare barnestjerna Anita Hegerland og Idol-deltakaren Tone Damli Aaberge var andre kjende andlet i startfeltet.
Delfinalane og ny Siste sjanse Dei tre delfinalane blei arrangerte i Kongsvingerhallen i Kongsvinger, Bodø Spektrum i Bodø og Skien fritidspark i Grenland. Siste sjanse blei arrangert i Sunnmørshallen i Ålesund. Per Sundnes og fjorårets vinnar, Maria Haukaas Storeng, var programleiarar for alle sendingane.
Dette året gjorde NRK om på Siste sjanse. Sendinga blei ei stor direktesending på linje med delfinalane, og med åtte deltakarlåtar. Dette var tredje- og fjerdeplassane i dei tre delfinalane. I tillegg røysta VGs lesarar fram eit av dei utslåtte bidraga, medan den siste songen var den som hadde fått flest telefonrøyster av dei resterande utslåtte bidraga. Bidraget «Alt har en mening nå» var ikkje med i denne røystinga, fordi Wenche Myhre hadde ein spelejobb som kolliderte med Siste sjanse.Arnesen, Merete (6. februar 2009). «Du kan gi disse en ekstra MGP-sjanse». VG Nett. Dei åtte songane i Siste sjanse kjempa mot kvarandre i ein cupduell, og til slutt stod to bidrag igjen. Dei slo følgje med første- og andreplassane i kvar delfinale, slik at det til saman blei åtte songar i finalen.
Resultatet i alle delfinalane og Siste sjanse blei avgjort av sjåarane sine røyster. I finalen røysta sjåarane fram fire låtar til gullfinalen. Resultatet i gullfinalen blei avgjort av tre fagjuryar i kombinasjon med telefon- og SMS-røystene. I røystinga i gullfinalen knuste Alexander Rybak all motstand og fekk over seks gonger fleire røyster enn andreplassen. Dette er den mest knusande sigeren i Melodi Grand Prix si historie.Henriksen, Arve (21. februar 2009). «Tidenes stemmeskred». Aftenposten.no.
Resultatet i finalen Oslo Spektrum, Oslo, laurdag 21. februar 2009
Første runde Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus 1 «Two of a Kind» Espen Hana Trond Andreassen Andreassen og Christian Bloom Uplassert 2 «Seven Seconds» Ovi Simone Larsen og Simen Eriksrud Uplassert 3 «Te stein» Publiners Bertil Bertelsen Olav Nygaard, Morten Horn og Ronny Bertelsen Gullfinale 4 «Find My Girl» Alexander Stenerud Alexander Stenerud Gullfinale 5 «Tricky» Velvet Hanne Sørvaag, N2, Niklas Bergwall og Niclas Kings Uplassert 6 «Fairytale» Alexander Rybak Alexander Rybak Gullfinale 7 «Det vart en storm» Thomas Brøndbo Svein Gundersen Rolf Mokkelbost Uplassert 8 «Butterflies» Tone Damli Aaberge David Eriksen Tone Damli Aaberge og Mats Lie Skåre Gullfinale
Gullfinale Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarRøysterPlass 3 «Te stein» Publiners Bertil Bertelsen Olav Nygaard, Morten Horn og Ronny Bertelsen 62 6834 4 «Find My Girl» Alexander Stenerud Alexander Stenerud 73 0803 6 «Fairytale» Alexander Rybak Alexander Rybak 747 8881 8 «Butterflies» Tone Damli Aaberge David Eriksen Tone Damli Aaberge og Mats Lie Skåre 121 8562
Røysting i finalen Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding av fagjuryar og sjåarane sine telefonrøyster. Dei tre delfinalebyane og Siste sjanse-byen hadde kvar sin fagjury som gav 2 000, 4 000, 6 000 og 8 000 poeng til dei fire gullfinalistane. Etter fagjuryane blei telefon- og SMS-røystene presenterte. Røystene blei delte inn i fem geografiske regionar ut frå kor i landet røystene blei gitt. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.«Melodi Grand Prix 2009 - nasjonal finale (2:2)». Norsk rikskringskasting. 21. februar 2009. Besøkt 9. august 2016. Nr.TittelKongsvingerBodøGrenlandÅlesundNord-NoregVest-NoregMidt-NoregSør-NoregAustlandetTotalt3«Te stein»2 0006 0002 0002 0006 6303 7028 9457 93723 46962 6834«Find My Girl»4 0002 0004 0004 0003 7905 4328 13510 99330 73073 0806«Fairytale»8 0008 0008 0008 00042 21160 679101 381132 683378 934747 8888«Butterflies»6 0004 0006 0006 0005 6319 69816 04018 82949 658121 856
Delfinalane Delfinale 1 Kongsvingerhallen, Kongsvinger, laurdag 24. januar 2009 Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus 1 «U Look Good» Surferosa Surferosa og Lars-Erik Westby Mariann Thomassen Siste sjanse 2 «Men, Men, Men!» Chicas del Coro Hilde Marstrander Ute 3 «Party» KeSera med Anita Hegerland Robin Nordahl og Thomas Ewel KeSera Siste sjanse* 4 «Two of a Kind» Espen Hana Trond Andreassen Trond Andreassen og Christian Bloom Siste sjanse 5 «Sweeter Than a Kiss» Charite Christian Ingebrigtsen og Laila Samuelsen Ute 6 «Det vart en storm» Thomas Brøndbo Svein Gundersen Rolf Mokkelbost Finale 7 «Tricky» Velvet Hanne Sørvaag, N2, Niklas Bergwall og Niclas Kings Finale * «Party» var ikkje blant dei fire beste, men fekk likevel ei ny moglegheit i Siste sjanse sidan låten hadde flest røyster blant dei åtte utslåtte låtane i dei tre delfinalane som var med i røystinga.
Delfinale 2 Nordlandshallen, Bodø, laurdag 31. januar 2009 Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus 1 «Alt har en mening nå» Wenche Myhre Thomas Thörnholm, Michael Clauss og Danne Attlerud Jan Vincent Johannessen Ute 2 «Te stein» Publiners Bertil Bertelsen Olav Nygaard, Morten Horn og Ronny Bertelsen Siste sjanse 3 «Ride» Tine Wulff Marte Wulff Ute 4 «Find My Girl» Alexander Stenerud Alexander Stenerud Finale 5 «(Like You Did) Yesterday» Janni Santillan Janni Santillan Siste sjanse 6 «Like An Angel» Julius Winger Julius Winger og Ole Jørgen Olsen Ute 7 «Butterflies» Tone Damli Aaberge David Eriksen Tone Damli Aaberge og Mats Lie Skåre Finale
Delfinale 3 Grenlandshallen, Skien, laurdag 7. februar 2009 Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus 1 «LeftRight» Sichelle Mats Lie Skåre Ute 2 «Soul Train» The Rebelettes The Rebelettes Ute 3 «Seven Seconds» Ovi Simone Larsen og Simen Eriksrud Finale 4 «Shuffled» Jane Helen Jane Helen Christine Litlekalsøy Siste sjanse 5 «Do It Again» Foxy Hanne Sørvaag og Harry Sommerdahl Siste sjanse** 6 «Carrie» Sunny Solgunn Ivana Valstad og Hans Petter Aaserud Siste sjanse 7 «Fairytale» Alexander Rybak Alexander Rybak Finale ** «Do It Again» var ikkje blant dei fire beste i Delfinale 3, men fekk likevel ei ny moglegheit sidan VGs lesarar røysta han fram som siste bidrag til Siste sjanse laurdagen etter.
Siste sjanse Sunnmørshallen, Ålesund, laurdag 14. januar 2009 Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus 1 «U Look Good» Surferosa Surferosa og Lars-Erik Westby Mariann Thomassen Ute andre runde 2 «Two of a Kind» Espen Hana Trond Andreassen Andreassen og Christian Bloom Finale 3 «Te stein» Publiners Bertil Bertelsen Olav Nygaard, Morten Horn og Ronny Bertelsen Finale 4 «(Like You Did) Yesterday» Janni Santillan Janni Santillan Ute første runde 5 «Shuffled» Jane Helen Jane Helen Christine Litlekalsøy Ute andre runde 6 «Carrie» Sunny Solgunn Ivana Valstad og Hans Petter Aaserud Ute første runde 7 «Party» KeSera med Anita Hegerland Robin Nordahl og Thomas Ewel KeSera Ute første runde 8 «Do It Again» Foxy Hanne Sørvaag og Harry Sommerdahl Ute første runde
Resultatet av Siste sjanse Runde 1Runde 2Til finalen «Party» – KeSera med Anita Hegerland Ute «Two of a Kind» – Espen Hana Vidare «Two of a Kind» – Espen Hana Vinnar «U Look Good» – Surferosa Ute «(Like You Did) Yesterday» Janni Santillan Ute «U Look Good» – Surferosa Vidare «Two of a Kind» – Espen Hana «Te stein» – Publiners «Carrie» – Sunny Ute «Te stein» – Publiners Vidare «Te stein» – Publiners Vinnar «Shuffled» – Jane Helen Ute «Do It Again» – Foxy Ute «Shuffled» – Jane Helen Vidare
Hendingar
Rybaks storsiger Den store snakkisen dette året var Alexander Rybak og «Fairytale». Rybak blei utropt til favoritt allereie før første delfinale, og då låtane blei slopne, fauk «Fairytale» til topps på alle veddemålslister, fan-rangeringar og internettrøystingar.Jones, Michael (31. januar 2008). «Rybak er Grand Prix-favoritt» . Side 2.Bjørn og Husby, Camilla og Marcus (24. februar 2009). «Hysteri blant GP-fans Europa rundt». Verdens Gang. s. 24.
Alexander Rybak deltok i den tredje delfinalen i Skien laurdag 7. februar. Der stilte han med kvit skjorte, svart vest og med den ikoniske fela si. Med seg på scena hadde han tre dansarar frå fridansgruppa Frikar og to koristar. Etter delfinalen gjekk «Fairytale» rett inn på ein 3. plass på VG-lista, og i finaleveka gjekk låten heilt til topps. Dette var første gong ein Melodi Grand Prix-låt toppa VG-lista før sjølve finalen.
I den norske finalen vann Rybak den mest knusande sigeren i Melodi Grand Prix nokon gong, og plateselskapa kom raskt på bana for å sikre seg kontrakt med Alexander Rybak. «Fairytale» blei liggjande på topp på VG-lista i åtte strake veker. Til saman låg låten heile 22 veker på lista, med ti veker som nummer ein. Dette er den største suksessen til ein norsk vinnar nokon gong.Bjørn, Camilla (19. februar 2009). «Bud-krig om GP-Rybak: – Fantastisk følelse». Verdens Gang. s. 34.«VG-lista for 'Fairytale'». Verdens Gang. Besøkt 10. august 2016.
Protestar og sjåarsuksess