Nordanger, uttala [norång], er ein gard på Radøy. Den opphavlege matrikkelgarden er delt i fleire bruk, i nyare tid er det òg fradelt nokre tomter for bustadhus.
Namnet nor-ang tyder 'samanknipen fjord'. Staden vart busett i steinalderen, og garden vart truleg rydda i folkevandringstida. Før reformasjonen var noko av garden i bondeeige, noko høyrde til biskopen i Bergen, etter reformasjonen vart alt krongods. På 1600-talet var garden delt i åtte bruk.
Kjelder
Nordanger i Oluf Rygh: Norske Gaardnavne
Kategori:Gardar i Alver