Wolfgang Loitzl () er ein skihoppar frå Austerrike. Han representerer skiklubben WSC Bad Mitterndorf og hoppar med ski frå Fluege.de. Han debuterte i verdscupen 6. januar 1997 i Bischofshofen. Han vart verdsmeister i normalbakke under Ski-VM 2009. Meritt Wolfgang Loitzl har ti medaljar fra internasjonale meisterskap. Av desse har ni vore i laghopp:
Under Ski-VM 2001 i Lahtis var han med på å ta medaljar i begge lagkonkurransane (gull i normalbakken og bronse i storbakken).
Under VM i skiflyging 2004 i Planica var han med da Austerrike tok bronsemedaljene lagkonkurransen.
Under Ski-VM 2005 i Oberstdorf var han med på å forsvare laggullet frå normalbakken. Laget tok og gull i stor bakke.
Under Ski-VM 2007 i Sapporo var han med på å forsvare laggullet i stor bakke.
Under Ski-VM 2009 i Liberec tok han gull i normalbakke. Han var og med på laget frå Austerrike som vann lagtevlinga.
Under Ski-VM 2013 i Val di Fiemme var han med på å forsvare laggullet i stor bakke.
Under Vinter-OL 2010 vann han gull for Austerrike i lagtevlinga.
Under VM i skiflyging 2004 vann han bronsemedalje i lagtevlinga.
Under VM i skiflyging 2010 i Planica var han med på laget som forsvarte Austerrike sit gull i lagkonkurransen.
Loitzl vann Hoppveka 2008/09.
Kategori:Austerrikske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skiflyging Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013