Ronald David «Ronnie» Wood () er ein engelsk rockegitarist og bassist som er mest kjend som ein av medlemmene i The Rolling Stones og Faces.
På 60-talet spelte Wood både i The Birds, The Creation og The Jeff Beck Group (som bassist). Saman med Rod Stewart, som var vokalist i sistnemnde band, vart han med i The Small Faces i 1969. Gruppa skifta same år namn til The Faces, og hadde forholdsvis stor suksess fram til bandet vart oppløyst i 1975. Då hadde Wood alt starta å spele med The Rolling Stones etter at Mick Taylor hadde forlate bandet i 1974. I The Rolling Stones har han etter kvart utvikla eit særs godt samspel med Keith Richards.
Som låtskrivar har Wood heilt klart kome i skuggen av Mick Jagger og Keith Richards i The Rolling Stones. Han har riktig nok vorte tilskriven som låtskrivar saman med «The Glimmer Twins» på nokre få songar, men det skjedde på 80-talet, då Stones knapt kan seiast å ha vore på sitt beste.
Sjølv om Wood er best kjend som gitarist i the Stones, har han òg gjeve ut fleire soloalbum, utan at nokre av dei har vorte suksessar. Best kjend av dei eigne songane hans er nok «Seven Days» frå albumet Gimme Some Neck (1979) – ein song han fekk av Bob Dylan. Han har òg gjeve ut det reine instrumentalalbumet Mahoney's Last Stand (1976) saman med bassisten i The Faces, Ronnie Lane.
Album
Med The Birds
These Birds Are Dangerous (1966)
Med The Jeff Beck Group
Truth (1968) Beck-Ola (1969)
Med The Faces
First Step (1970) Long Player (1971) A Nod Is as Good as a Wink...To a Blind Horse (1971) Ooh La La (1973) Coast to Coast: Overture and Beginners (Live) (1974) Snakes And Ladders: The Best of Faces (1976) The Best of the Faces: Good Boys... When They're Asleep (1999) Five Guys Walk into a Bar... (2004)
Med Ronnie Lane
Mahoney's Last Stand (1976)
Soloalbum
I've Got My Own Album To Do (1974) Now Look (1975) Gimme Some Neck (1979) 1234 (1981) Live at the Ritz (1988) (Ronnie Wood, Bo Diddley) Slide on This (1992) Slide on Live: Plugged in and Standing (1994) Live and Ecletic (2000) Not For Beginners (2002) Live at Electric Ladyland (2002) Always Wanted More (2003)
Med The Rolling Stones
Sjå diskografien til The Rolling Stones frå 1976 og framover (frå og med Black and Blue).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ron Wood» frå , og «Ronnie Wood» frå den 15. februar 2009.
Bakgrunnsstoff Rolling Stones - Ronnie Wood Offisiell nettside
Kategori:The Rolling Stones Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske songarar