mini|upright|Plakett med ord frå «The End». «The End» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Songen er skriven av Paul McCartney, men som vanleg kreditert Lennon/McCartney.
«The End» er som namnet indikerer den aller siste songen på albumet (med unntak av ein siste hemmeleg song, «Her Majesty» og den siste songen der alle dei fire medlemmane av The Beatles spelte saman. Den var ein grandios slutt på ei legendarisk karriere.
Det førre sporet på albumet, «Carry That Weight», glir rett over i «The End». Songen er unik på mange måtar: Det er den einaste songen frå The Beatles der Ringo Starr spelar ein trommesolo og han har tre gitarsoloar av dei andre tre medlemmane i tur og orden: Paul McCartney, George Harrison og John Lennon, skjønt det er ikkje klart kor den eine startar og den andre endar.
Den siste verselinja, medan musikken svinn hen, er kanskje sjølve essensen i musikken og filosofien til The Beatles:
«And in the end, the love you take is equal to the love you make!»
Og til slutt, den kjærleik du tar er likestilt med den kjærleik du gjev!
Medverkande Paul McCartney – solo- og korvokal, bassgitar, piano, gitarsolo John Lennon – korvokal, rytmegitar, gitarsolo George Harrison – korvokal, rytme- og sologitar, gitarsolo Ringo Starr – trommer, korvokal på «Love you»-refrenget Personell per Ian MacDonald George Martin – orkestrering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The End av The Beatles» frå , den 11. februar 2009.
Bakgrunnsstoff Tekst
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:The Beatles-songar Kategori:George Benson-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Phil Collins-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Cheap Trick-songar Kategori:Booker T. & the M.G.'s-songar