mini|Arkitekten Hjørdis Grøntoft. mini|Lotten Dorsch-Bosin som Hjørdis i Kämparne på Helgeland (svensk versjon av Hærmændene paa Helgeland av Ibsen) Hjørdis er eit kvinnenamn, av norrønt Hjǫrdís, samansett av hjǫrr, 'sverd' og dís, 'gudinne'.
Hjørdis har norsk namnedag den 14. februar.
Bruken av namnet i Noreg Namnet Hjørdis kom i bruk i Noreg omkring 1860, først registrert på Eidsvoll.Folketeljing 1865 Populariteten steig kraftig og namnet vart mykje bruka fram mot ein topp i tida rundt første verdskrigen. Den siste mannsalderen har få jenter fått dette namnet. Ved folketeljinga i 1801 var ingen kvinner registrerte med dette namnet Ved folketeljinga i 1900 var 2137 registrerte med namnet i formene Gjørdis, Gørdis, Hiørdis, Hjørdis, Hjørdiss, Hyørdis, Hørdis, Jørdis, Yørdis I 2008 hadde 2805 kvinner Hjørdis til første fornamn.
Kjende namneberarar Segnfiguren Hjørdis, mor til Sigurd Fåvnesbane Hjørdis Grøntoft Raknerud (1878–1918), norsk arkitekt Hjørdis Landmark (1882-1961), norsk kunstnar Hjördis Nerheim (f. 1940), norsk filosofiprofessor Hjørdis Kurås (f. 1974), norsk kunstnar Hjørdis Høsøien, norsk handballspelar
Kjelder Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav