Johan Bojer () var ein norsk forfattar fødd på Orkedalsøren (i dag Orkanger i Orkland kommune.) Johan Kristoffer fekk ved fødsla etternamnet Hansen. Mora heitte Johanna Elgåen, frå Røros (1848-1884), medan handelsfullmektig Hans Bojer (Bøier) frå Kristiania (1822-1894) påtok seg farskapet. Mora var tenestejente i Trondheim, og foreldra budde ikkje i lag. Johan vart sett bort, og voks opp som fosterson hjå Mor Randi, Randi og Elias Fætten i Stadsbygd i Rissa kommune.

Han debuterte som forfattar i 1893. Frå 1895 til 1915 budde han i Paris.

I 1899 gifte han seg med Ellen Lange (1873-1932), syster til Christian Lous Lange.

Nokre verk 1896 Et folketog 1899 Den evige Krig 1900 Moder Lea 1902 En pilgrimsgang 1903 Troens magt 1904 Brutus (skodespel) 1913 Fangen som sang 1916 Den store hunger 1916 Sigurd Braa (skodespel) 1921 Den siste viking 1924 Vor egen stamme 1927 Det nye tempel 1928 Fangen som sang 1929 Folk ved sjøen 1934 Huset og havet 1938 Kongens karer 1942 Læregutt 1946 Svenn 1949 Skyld

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Orkdal Kategori:Folk frå Rissa Kategori:Forfattarar frå Sør-Trøndelag Kategori:Johan Bojer