«Cry Baby Cry» er ein song med The Beatles, skriven av John Lennon, men med bidrag frå Paul McCartney. Han vart gjeven ut i 1968 på albumet The Beatles.
Songen er basert på songar og soger Lennon hugsa får barndomen sin, men har ein vri: Godnattsongar for barn dreier seg vanlegvis om å trøyste barnet, som i «hush little baby, don't you cry», men Lennon går den andre vegen: Berre gråt! Songen vert slik sett ein slags «anti-voggesong» med islett av uhygge:
Cry, baby, cry make your mother sigh She's old enough to know better So cry, baby, cry
Teksten har visse likskapar med den gamle engelske barnesongen «Sing a Song of Sixpence» og er truleg, som mange barnesongar, meir bygd på leik med rim og reglar enn noko eigentleg «djupare» bodskap. Lennon såg ikkje sjølv songen som eit særleg viktig arbeid.
Songen går rett over i ein særs kort og namnlaus song av McCartney som avrundar det heile:
Can you take me back where I came from Can you take me back
Songen sklir så rett over i ein annan «anti-song», den underlege og ikkje særleg lyttarvenlege og eksperimentelle «lydmontasjen» til Lennon og Yoko Ono; «Revolution 9».
Medverkande Per Ian MacDonald:
«Cry Baby Cry» John Lennon – solo- og harmonivocal, akustisk gitar, piano, orgel Paul McCartney – bassgitar George Harrison – sologitar Ringo Starr – trommer, tamburin George Martin – harmonium
«Can You Take Me Back» Paul McCartney – solovokal, akustisk gitar John Lennon – perkusjon, maracas Ringo Starr – bongo
Andre versjonar Ramsey Lewis spelte inn ein instrumentalversjon av songen i 1968 på albumet hans Mother Nature's Son. Commander Cody and His Lost Planet Airmen spelte denne songen i 1987 på albumet Flying Dreams. Fool's Garden spelte inn songen i 1991 på debutalbumet Fool's Garden. Throwing Muses spelte inn songen som B-side til singelen «Not Too Soon» i 1991. Punkrockbandet Samiam frå California spelte inn ein versjon av songen i 1997 på albumet deira You Are Freaking Me Out. Phish spelte denne songen som ein del av White Album-framføringa deira som kom ut på Live Phish Volume 13, og i 1998 på Hampton Comes Alive. Bardo Pond spelte inn ein space rock-aktig versjon i 2006 på albumet deira Ticket Crystals. Katie Melua spelte denne songen i 2006 og gav han ut på singelen «Spider's Web».
Bakgrunnsstoff Teksten Alan W. Pollack om «Cry Baby Cry»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cry Baby Cry» frå , den 9. februar 2009.
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar om barn Kategori:Katie Melua-songar Kategori:Phish-songar Kategori:Commander Cody-songar Kategori:Fool's Garden-songar