mini|Nymfe av blågrøn augenstikkar (Aeshna cyanea) som går gjennom hamskifte.

Hamskifte vil seia at eit dyr skil seg frå ein gammal ham, ytterlaget på overhuda, og tek i bruk ein ny. Dyr kan kvitta seg med den gamle hamen i flak eller ved å kasta heile hamen. Insektnymfer og slangar skifter ofte heile hamen på ein gong.

mini|venstre|Panterkameleon (Furcifer pardalis) skifter ham i flak.

Hamskifte kan også brukast i overført tyding, om samfunn som går gjennom større endringar. Det store hamskiftet i norsk historie er døme på ein slik bruk.

Sjå òg Hudskifte Hårfelling Myting (fjørfelling) Metamorfose

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Zoologi