2MASX J00482185-2507365 er eit par av okkulterande spiralgalaksar i stjernebiletet Bilethoggaren. Bakgrunnsgalaksen ligg rundt 780 millionar lysår unna jorda. Den fremre galaksen viser store støvstrukturar utanfor sjølve hovudskiva som er synlege ved at dei stengjer for lyset frå bakgrunnsgalaksen. Det er ukjend kor vanlege slike støvstrukturar er i galaksar.
Bakgrunnsgalaksen har omtrent same storleik som Mjølkevegen, og er soleis rundt 10 gonger so stor som framgrunnsgalaksen.
I den visuelle nærleiken av 2MASX J00482185-2507365 ligg Bilethoggargalaksen.
Kjelder
Kategori:Spiralgalaksar Kategori:Bilethoggaren